Spørsmål me får ofte

 

Om opetider og overnatting

 

Når opner sogn skisenter?

Hm. Som regel når snøen kjem og det kan variere frå sesong til sesong. Rett etter 15.desember har vore normalen, men med litt meir varme i lufta enn før kan det fort bli litt seinere. Det beste rådet me kan gi er å følge med på Facebook og Instagram. Me kan garantere at det kjem melding så snart med ser at me kan dra i gong.

Har SOGn SKISENTER ope kvar dag heile veka?

Sogn Skisenter har ope for kveldskøyring tysdag og torsdag 18:00 - 21:00 og helger 10:00 til 16.00.

  • 25.12-1.1 Ope 10-16

  • Veke 7-9 Ope 10-16 (+kveld tys/tors)

  • Palmehelg - 2.påskedag 10-16

Kor kan me bu?

Me har fleire trivelege overnattingsstader med kort veg til skisenter og badeland.

Sjå her

 

Om snø


kjem det til å snø i februar/mars?

Det greier me ikkje å svare på, men februar er ein god månad på ski og av og til kjem det snø heilt ut i april.

kor kaldt må det vere for å køyre snøanlegg?

Vi kan produsere snø på 2 kuldegrader ,men mengden produsert snø står ikkje i fornuftig forhold til bruk av vann. Ideelt for skisenteret er -10, da blir det store mengder snø, og me bruker det vannet vi har effektivt.

Blir langrennsløypa preppa kvar dag?

Nei, men så ofte som me får til og når me ser det er behov. Du kan sjå om løypa er preppa på loyper.net

 

Om mista utstyr og heiskort


Eg har mista skia mi under puddersnøen. Kva skal eg gjere?

Me har mykje snø og store områder. Det er ikkje bestandig så greit å finne att ei ski under snøen. Som regel tar folk seg ein tur i anlegget på våren og leiter.

Eg har gløymd noke i kafeen eller skisenteret

Det me finn tar me vare på og legg i skiutleiga. har du mista noke - send ein epost til post@sognskisenter.no.

Me kan og sei at å finne att alt som er i kvit farge kan vere ei utfordring ;-)

Eg har mista heiskortet mitt i snøen

Ta vare på kvitteringa så løyser det seg.

 

Om utvikling i Sogn Skisenter


Når kjem stolheisen?

Fleire ynskjer seg stolheis i Sogn Skisenter. Ein stolheis er eit stor prosjekt for eit lite skisenter og me får sjå kva framtida bringer.

 

Kan eg kjøpe hyttetomt i Sogn Skisenter?

Ja, det er fleire tomter til salgs med flott utsikt til skisenteret og ski in - ski out.

Her kan du lese meir om hyttetomter

 

kven kan eg kontakte om eg har spørsmål om utvikling i skisenteret?

Send oss ein epost til post@sognskisenter.no