Sogn Skisenter - eit eldorado for frikøyring

 

Sogn Skisenter er kalt et puddermekka, og det er ikkje utan grunn. Klimaet mellom fjord og fjell legg godt tilrette for bra vintrar med mykje snø. Det er byr på unike muligheiter for frikøyring i urørt laussnø.
 

sognaheisen byr på store areal

Sognaheisen passar for alle, og området kan brukast av alt frå barn til besteforeldre til ekstremkøyrarar. Tilbudet i Sognaheisen treffer heile skifamilien.

Sognaheisen byr også på heisbasert frikøyring, då ein kjem seg ut i laussnøen på same tid som ein kan køyra seg inn att i anlegget ved vegs ende.

Sjå løypekartet her
 

Panoramaløypa

Nytt for sesongen 2017/2018 er den nye Panoramaløypa som går rundt Modvoryggen. Frå toppen av Sognaheisen og heilt ned er det 680 høgdemeter og traséen er fire kilometer lang frå topp til botn.

Den nye Panoramaløypa er fin å køyra, men gjer samtidig enklare tilgang til store, flotte frikøyringsområde. Området er så stort at det ved snøfall er urørt snø og "pudder til alle"! 

Dette er det råaste laussnøanlegget i landet
— Asbjørn Eggebø Næss, Profesjonell frikjøyrer