Rekordmange barn og unge på alpin- og freeskitrening!

Rekordmange barn og unge møtte på alpin- og freeskitrening hjå oss den 18.januar! Eit herleg oppmøte på heile 103 unge skikøyrerar. Det er fantastisk å sjå at skisporten veks og at så mange sprer skiglede i heisen vår

Alpin-og freeskitrening vert avholdt av Hafslo Idrettslag på onsdagar ved barnetrekk og hovedheis. Med mykje kjekk aktivitet for dei unge på ski! Takket vere Luster Sparebank er årets medlemskap for born og unge i Hafslo IL 2023 gratis. For dei som gjerne vil delta finn dykk info på "Hafslo IL alpint og freeski" si facebook side, der kjem info om treningar m.m. Skiutleigen vår står open for dei som treng å leige utstyr. Framover trengs og fleire frivelege til treningane med den store interessen som blomstrar. For dei som vil hjelpe ta kontakt med Lars Olav Halleråker!

Påmelding til Hafslo IL 2023 finn du på deira nettside:

https://hafslo-il.no/.../gratis-medlemsskap-i-hafslo.../...

 
 
Ragnhild Grindheim