SKISPRELL med Hopp!

Torsdag 12.januar kl 18:00 vert skiforbundet sitt opplegg for «skisprell» arrangert av hoppgruppa i hoppanlegget  ved barne- og banktrekket (på skisenteret).  Hopplengdene er frå 1 til 20 meter. Det vert laga hoppar for å renne/hoppe med alle typar ski og ulike ferdigheiter.  Om det ikkje passer torsdag 12.januar så velkomen kvar torsdag når vær- og snøforhold tillet det!

Hoppgruppa låner og ut (gratis) korte hoppski med langrennsbinding til dei som viser skiferdigheit til det. Seinare så får ein låne ski og sko til hoppbinding og få gode svevopplevingar.

Meir info ved å kontakte Jon Ove (telefon 91721076).

Ragnhild Grindheim