Velkommen inn!

Kafeen på skisenteret ligg flott til med utsikt rett mot alpinbakkane. Kaffeen er open når skitrekka er opne.

Sogn Skisenter leiger ut kafeen til ulike tilstelningar. Her er det berre å ta kontakt for pris på både lokale, mat og drikke.

Ønskjer du leige heisen privat i tillegg er det fullt mogeleg. Eller aking i Banktrekket med toddy og bål i grillhytta?

Her er det berre fantasien som set grenser!

Vi har:

  • trådlaust nett i heile bygget.
  • møterom med lærret videokanon.
  • kjøkken som kan levere alt frå snittar til lunsj/møter, til middag opp til 100 pers.
  • rikhaldig meny med matutbringing.

Nøl ikkje med å ta kontakt på post@sognskisenter.no eller 47 80 25 01 for ein uforplikta prat om ditt ønskje.