I dag startar vinterferien for mange. Med mykje utfart i vinter, håpar me også vinterferien gjev godt føre og godt med gjester.

Ønskjer du koma godt igong med ferien, kan du teste skia både dag og kveld i dag. Me held ope 10.30 til 16.00 og 1800-2100.

Hugs at me alltid har:

-gratis parkering

-gratis barneheis

-gratis hjelm til små og store

-gratis wifi/nett i kafeen

Veka 2012 er også godt igong og studentane skal ha skidag tirsdag 21 februar.  Denne dagen vert Modvoløypa stengd pga arrangement i traseen.