Generalforsamling 2026

Styret i Sogn Skisenter inviterer til generalforsamling måndag 26. mai kl. 19:00 i kafeen på skisenteret.

På agendaen står vanlege årsmøtesaker, gjennomgang av sesongen som har vore, samt informasjon om vidare planar og utvikling for skisenteret framover.

Det har vore ein vinter prega av utfordrande forhold og varierande snømengder, men også mykje aktivitet, dugnadsinnsats og engasjement frå både frivillige, tilsette og brukarar av anlegget. På generalforsamlinga vil styret mellom anna informere om tankar rundt vidare drift, utvikling av anlegget og arbeidet vidare inn mot kommande sesongar.

Alle med interesse for Sogn Skisenter er velkomne til å møte.

Vel møtt!