Tusen takk til Sparebank 1 S&F og Sparebankstiftinga❤️
Tekst er skreven av Sparebanken 1 Sogn og fjordane
Fjellet Molden ligg rett i mot, og snur du hovudet litt kan du sjå rett ned i den vakre Hafslobygda. Dette er kvardagen til Runar Tørvi. – Med ny trakkemaskin kan eg nyte dette kvar dag, seier han.
Sist veke dukka Andreas Bjelde frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane opp med ein gåvesjekk på 400 000 kroner til skisenteret på Heggmyrane. Dermed kan den daglege leiaren i Sogn Skisenter puste letta ut, og vite at dei har finaniseringa på plass når det gjeld den nye trakkemaskina si.
Sal og kjøp
– Vi har akkurat fått på plass den «nye» trakkemaskina. Den er rett nok ikkje heilt ny, men vi klarar oss godt med ei fint brukt ei. Denne maskina har gått i langrennsløypene i Meråker i Trøndelag. Eg har leita etter «gullkorn» blant brukte maskiner, og kjenner meg trygg på at dette må vere eit svært godt kjøp, fortel Tørvi til Bjelde.
Trakkemaskina, ei Pisten Bully, har gått i 4000 timar og er registrert i 2015.
Flott utsikt
– Denne maskina kosta oss 750 000 kroner. Med eit lite lån og eigenkapital er vi godt innanfor økonomisk med denne investeringa. Og desse 400 000 kronene frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjer situasjonen langt lysare for oss, seier Tørvi og viser til at dei dessutan fekk knappe 200 000 kroner i innbyte for den gamle trakkemaskina.
– Denne maskina er heilt ypparleg med tanke på parkarbeid i anlegget og ikkje minst løypepreparing til langrennsløypene våre, fortel Tørvi og tek med seg Andreas Bjelde inn i maskina og køyrer oppover ein av nedfartane.
– Sogn Skisenter blir drive med låge brukarprisar, har gratis barnetrekk og omfattande dugnadsinnsats. Det er derfor viktig at vi støttar dette tilbodet, seier Bjelde og ser utover anlegget.
Flott utsikt frå den nye trakkemaskina.
Gratis parkering
Med den «nye» trakkemaskina har Sogn Skisenter tilgang på tre maskinar til preparering av løyper og traséar.
– Vi har totalt fem nedfartar, og anlegget vårt er kanskje først og fremst kjent for fantastiske frikøyringsområde. Dessutan har vi fri parkering og gratis barnetrekk, fortel Tørvi og viser til at den fem kilometer lange langrennsløypa er mykje brukt.
– Denne nye maskina er heilt ypparleg til arbeidet med langrennstraséen og parkdelen av anlegget. No ventar vi som dei andre skianlegga i Sogn og Fjordane berre på litt meir villsnø, seier Tørvi.
Gåvesjekken som Andreas Bjelde overrekte Tørvi kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og deler kvart år ut gåvemidler til lag og organisasjonar med allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.