Det er ikkje lenge før årets Heggmyri Rett Ned går av stabelen.  Trykk på denne lenka for påmelding: http://heggmyrirettned.hafslo.no/?page_id=9

Det er 5 gongen rennet vert avvikla, med ulik løype kvart år.

Dei 2 første åra starta rennet ved flymerket ved Kvalrygg og gjekk inn i anlegget ved mast 16. Av sikkerheitsmessige årsaker vel me vekk denne traseen i år. Noko av grunnen er og at heisen må stengjast for å få krysse den.

I 2010 vart HRN arrangert som NM i Telemark SSL saman med Syril Telemark. Eit arrangement som klubbane fekk pris for som beste arrangement i 2010 av skiforbundet.

Årets løype er ikkje 100% bestemt, då ein lyt sjå litt på vær og føreforhold dagane før. Dette for å få ein godt renn der løypesetjarar Arthur Brynjulfsen og Lars Olav Helleråker får gode vilkår å spele seg med.

Me har i år også fokusert mykje på premiar på startnr, som no er oppe i gode summar for alle deltakarar.