KUN KORT TID TIL ÅRETS MOTBAKKE FEST I MARIFJØRA.moldne opp 2015

Vår partnar Molden Opp gjer seg klar til nytt motbakkeløp denne helga.

Har du sjans så meld deg på og bli med opp på eit av dei mest kjende topp punkta på Vestlandet.

Nyt kvelden på Tørvis saman med alle dei andre med slitne bein.

Meir om arrangementet les du her: http://www.moldenopp.no/

Ikkje meldt deg på?? Les her: http://www.moldenopp.no/index.php/pamelding

Lyst å svinge deg på Tørvis på kvelden eller treng overnatting? Trykk her:  http://www.moldenopp.no/index.php/overnatting

 

 

 

Løypa

MOLDEN OPP frå 0 – 1.116 moh på 7 km

Starten for motbakkeløpet Molden Opp går utanfor Tørvis Hotel i Marifjøra ved Lustrafjorden. Mål er på Molden 1.116 moh. Løypa har ikkje unnabakkar. Løypa er særs variert både med omsyn til løpsunderlag og stigningsprosent. Etter om lag 1,5 km (og 110 høgdemeter) på brei turveg/ traktorveg/ grusveg går løypa på sti oppover i skogen med store variasjonar i stigningsprosent mellom 5 og 25 opp til stølsområdet ved Svolsete 775 moh. Frå Svolsete og opp mot mål går løypa i lettløpt fjellterreng, men med nokre bratte kneiker. Opp mot toppen er det flott utsyn sørvestover mot Hafslo, nordvestover mot Gaupne, Jostedalen, Jostedalsbreen og nordaustover mot Lustrafjorden, Skjolden, Fanaråken og Hurrungane i Jotunheimen. Løyperekorden i kvinneklassen er på 54.22, og vart sett av Heidi Weng i 2012. I herreklassen er det Torstein Tengsareid som slo den tidlegare løyperekorden då han sprang inn til 46.00 i 2014.