Torsdag 7 mai 2015 vart årsmøtet halde ved Sogn Skisenter. 

På årsmøte var det som vanleg val av styre.10405660_948655681826445_8340249644683333356_n

På val var Ann Kristin Buvik, Per Birger Lomheim men tok ikkje attval, medan Øystein Veum (styreleiar) ikkje tok attval som leiar.

Valkomiteen leia av Margunn Hillestad hadde Tor Bremer og Ove Oklevik som nye kandiatar.

Dei blei valne inn som nye medlemar og Tor Bremer blei vald som styreleiar.

Me takkar Ann Kristin og Per Birger for ein flott periode i styret, og me er glad for att begge blir å finna i anlegget på dugnad framover.

Samstundes blei Brynjulf Brynjulfsen val som 1 varamedlem og tradisjon tru møter på alle styremøter.

På møtet blei det og informert og gått igjennom den fantastiske rekordsesongen 2014/15. Med hovudfokus på dei store prosjekta og opning av Sognaheisen.

Vår partnar og støttespelar Luster Energi hadde til slutt godt og informativt innlegg angåande kraftlinje som er planlagd i Heggmyrane området.

Sogn Skisenter er trygge på eit godt samarbeid på korleis skianlegg og kraft kjem best ut av prosjektet.

Dette er noko av det første ny styreleiar Tor Bremer set på dagsorden.

Me ønskjer både Ove og Tor lukke til og velkommen i styret i ei spennande tid for anlegget.