Laurdag 13. desember opna me Storetrekket som tek deg opp til 870 moh.  Været var skiftande, alt frå sol til lette snøbyger. Eit par minusgrader og lett puddersnø gjer at det no er eit kjempeflott skiføre i heile skianlegget. Eit puddereventyr av dei sjeldne! Me hadde litt innkøyringsproblem med Storetrekket, men ut på ettermiddagen gjekk trekket fint. Elles var Juniortrekket og Banktrekket godt besøkt av både store og små. Sognaheisen opnar snart.

Puddereventyr Sognaheisen Utsikten DSC_3013 Utsikt mot Molden Klar for pudder Sol Fri flyt i pudderet Klar Storetrekket