Besøk på Lustrabadet i september.

Sogn Skisenter var på besøk på Lustrabadet i dag. Dei som var med fikk god informasjon og fin fin rundtur i heile badet med dagleg leiar Nina Gudevang.

«Ikkje lenge no før opning, og mykje som skal på plass av testar, utstyr, tilsette og ulike godkjenningar.  Så vi har fullt fokus på nettopp dette no framover og me gler oss til opninga i slutten av oktober. Lustrabadet håpar på ei god opning og at mange skigjester heretter pakkar med seg badetøy når dei skal på Heggmyrane å gå eller stå på ski. Dermed  avlsutte ein flott skidag med eit hæleg bad i 32 grader hjå oss,» seier Nina

Under besøket blei det og diskutert ulike  forslag til løysingar for samarbeid anlegga imellom. Styreleiar Øystein Veum tilføyer «Me ser eit stort potensiale i å samarbeide med dei andre aktivitetane Luster har å by på, noko skisenteret har vore klår på lenge.  Vi har allereie ein god kundemasse og eit godt nettverk innan kundegrupper som er aktive, noko begge anlegg kan spele på. Og etter samtalane me har hatt med badet tidlegare og i dag, er me klåre på å få med andre i kommunen innan aktivtet til å å bli med oss. Om det så er på snø, fjord, ski, bre, i vatn eller på fjell. Inne eller ute. Sommar som vinter».

Både badet og skisenteret kjem nærare tilbake med informasjon om desse tinga. I månaden fram til opninga ønskje me Lustrabadet lukke til i innspurte og vonar  at mange tek turen til Gaupne opningshelga. Kva med å kjøpe gåvekort på  »SNØ-SPA» til kjærasten til jul?

Sjekk ut meir info og legg det til  Lustrabadet på: http://www.facebook.com/pages/Lustrabadet/253639037990596